Ein medmenneskelig appell til HKH Kronprins Haakon

H.K.H. Kronprinsen

Det kongelige hoff

Det kongelige slott

0010 Oslo

Oslo, 6. mars 2015

Kjære Kronprins Haakon,

Norsk PEN er, som mange andre humanitære organisasjonar, opptatt av den saudiarabiske bloggaren Raif Badawis skjebne. I mai i fjor blei han dømt til 10 års fengsel og 1000 piskeslag for å ha fornærma islam. Dei første femti piskeslaga fekk han 9. januar, og det var meininga at piskinga skulle halde fram kvar fredag til dommen var oppfylt. Dei påfølgande piskingane av Badawi har inntil no blitt avlyst «av medisinske årsakar». Dei nyaste opplysingane går no ut på at den same retten som dømde Badawi til pisking, no reiser ei ny sak mot han som kan medføre dødsstraff. Som leiar av Komiteen for Fengslede Forfattere i Norsk PEN, vil eg tillate meg å komme med eit forslag til Kongehuset.

Denne saka har vakt sjokk og vantru verda over, og mange har engasjert seg. Den 10. februar besøkte Prins Charles av England Saudi-Arabia, og i eit møte med Kong Salman bad han om nåde for Badawi. Vi appellerer med dette til Det norske kongehuset om å gjere det same. Å reagere mot denne avstraffinga er ei medmenneskeleg, ikkje politisk, handling. Kronprinsen har i mange samanhengar vist eit sterkt humanitært engasjement. I og med at Kronprinsen deltok i kondolanseseremonien etter Kong Abdullahs død i januar, er no Det norske kongehuset i ein unik posisjon til å nå fram til den nye kongen for å be om nåde for Raif Badawi.

Norsk PEN håper at Kronprins Haakon vil følgje Prins Charles’ eksempel og sende ein appell til Kong Salman av Saudi-Arabia om å stoppe piskinga av Badawi og setje han og advokaten hans fri.

 

Beste helsing

Brit Bildøen

Leiar av Komiteen for Fengslede Forfattere

Norsk PEN