Fridom for Khadija Ismailova

Khadija Ismailova
Khadija Ismailova

PRESSEMELDING

DATO: 11. JUNI 2015
FRÅ: NORSK PE
NS FENGSLEDE FORFATTERES KOMITE

Fredag 12. juni startar dei første europeiske olympiske leikane i Baku, der Norge stiller med i overkant av 50 utøvarar. Same kveld spelar Norge landskamp mot Aserbajdsjan på Ullevål stadion. Med denne merksemda rundt Aserbajdsjan er det viktig å minne om at dette landet vert styrt av eit terrorregime. President Aliyevs regjering går hardt til verks for å kneble alle kritiske stemmer, og i aserbajdsjanske fengsel sit no meir enn 100 samvitsfangar. Situasjonen har forverra seg dei siste to åra, ikkje minst ser vi no ein auke i fengslingar i forkant av Europa-OL. I løpet av dei siste 30 månadene har styresmaktene fengsla, sverta og trakassert uavhengige journalistar og politiske aktivistar, og dei har lagt ned alle menneskerettsorganisasjonar. På PENs internasjonale kongress i Kirgisistan i 2014  blei det vedtatt ein kritisk resolusjon mot den stadig dårlegare situasjonen for ytringsfridom og menneskerettar i Aserbajdsjan.

Denne veka vedtok PENs Fengslede Forfatteres Komité å utnemne den aserbajdsjanske journalisten Khadija Ismailova til æresmedlem i Norsk PEN. Ho blei fengsla 5. desember 2014, og sit no i varetekt i Baku, skulda for ei rekke oppkonstruerte forhold. Ho er ein uredd journalist, som i over ti år har jobba for ulike aviser og radiostasjonar og rapportert om korrupsjon, maktmisbruk og brot på menneskerettane. Khadija Ismailova ble i 2012 tildelt Fritt Ord og Zeit Stiftung sin Pressepris, og har såleis vore ein viktig informant om Aserbajdsjan for eit nasjonalt og internasjonalt publikum.

Norsk PENs Fengslede Forfatteres Komité ber norske myndigheter om å legge press på regjeringa i Aserbajdsjan for å få satt fri Khadija Ismailova. Vi ber dei norske atletane som deltar i dei europeiske olympiske leikane om å stille spørsmål ved eit regime som fengslar kritikarane sine.

Fengslede Forfatteres Komité vil engasjere norske skribentar i ein brevkampanje, der vi oppmodar medlemmene i skribentorganisasjonane til å sende brev og postkort til Khadija Ismailova i fengselet, for å vise støtte og markere at vi følgjer med på saka. Vi vil også skrive til Khadijas mor, i tilfelle ho sjølv ikkje får tilgang på posten sin. Ei slik brevkampanje kan, i tillegg til eit sterkt internasjonalt press på styresmaktene, vere med på å påverke den vidare prosessen mot Ismailova og andre samvitsfangar.

I Fengslede Forfatteres Komité sit det representantar frå Den norske Forfatterforening, Norsk Oversetterforening, Norske Barne-og Ungdomsbokforfattere og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Leiaren av komiteen er Brit Bildøen frå Norsk PEN.

Ta kontakt med:
Brit Bildøen, leiar av Fengslede Forfatteres Komite: tlf: 416 84 225
Hege Newth Nouri: generalsekretær i Norsk PEN: tlf: 930 02 262