13. desember: Oppmuntring i mørketida

Oppmuntring i mørketida

NYTTÅRSKORTAKSJON

Søndag 13. desember ønskjer PENs komité for fengsla forfattarar velkommen til eit hyggeleg og viktig førjulstreff, der vi skriv nyttårshelsingar til forfattarar, journalistar og bloggarar som sit i fengsel eller på andre måtar er truga eller forfølgde.

Vi opnar PEN-kontoret og møterommet og serverer gløgg og pepparkaker. Stikk innom mellom kl. 13 og 16! Saman med andre skribentar og PEN-medlemmer kan du bidra til å gi hardt prøva kollegaer ei oppmuntring i mørketida.

Tid: Søndag 13. desember frå kl. 13.00 til 16.00
Stad: 3. etasje, Litteraturhuset i Oslo

 

Velkommen!
Helsing Brit Bildøen
Komiteen for fengsla forfattarar