Amanuel Asrat: Ei fengsla poetisk stemme

Den prislønna poeten Amanuel Asrat sit fengsla på femtande året. Truleg blir han halden fanga utan tiltale eller rettssak.
Av Magnhild Bruheim, medlem av Norsk PENs komité for fengslede forfattere. Artikkelen er skrevet for Agenda Magasin.
amanuel

Amanuel Asrat vart arrestert i heimen sin 23. september 2001 under ein aksjon mot statlege og private media, gjennomført av den eritreiske regjeringa for å slå ned på kritikarar av regimet. Opposisjonspolitikarar, studentar og ei rekkje journalistar vart arresterte, det same vart redaktørane av alle privateigde aviser. Ein av desse var Asrat, som var redaktør i Zemen, ei av dei leiande avisene i landet.

Oppblomstring av eritreisk poesi
Amanuel Asrat har fått mykje av æra for oppblomstringa av eritreisk poesi tidleg på 2000-talet. Saman med to venner stifta han ein litterær klubb i 2001, og dette inspirerte til danninga av liknande litterære klubbar i alle dei store eritreiske byane. Asrat er sjølve ein kjent poet og låtskrivar. I skrivinga tar han opp tema som krig og fred og dagleglivet til dei underpriviligerte.

Sommaren 1999 vart eit av dikta hans tildelt ein pris frå the National Holidays Coordinating Committee, som blir drive av People’s Front for Democracy and Justice. Prisen blir rekna som ein av dei mest prestisjefylte blant litterære og kunstnariske prisar i Eritrea. Priskomiteen la vekt på den tydelege anti-krigslinja i poesien til Asrat.

Det prislønna diktet som på engelsk har tittelen «The Scourge of War», viser til den pågåande grensetvisten med nabolandet Etiopia, og skildrar ein blodig kamp mellom to brør.

I 2001 hadde Zemen, avisa der Asrat arbeidde, vorte den leiande litterære avisa i Eritrea, og vart driven av ei gruppe kritikarar som var med på å forme det kulturelle landskapet i landet. På den tida var Asrat kjent som landets mest populære kunstkritikar.

Ingen pressefridom
Ifølgje Committee to Protect Journalists er Eritrea eit av verdas verste land når det gjeld brot på menneskerettane det siste tiåret, etter Kina og Iran. PEN International har opplysningar som tyder på at minst 25 journalistar, forfattarar og politikarar sit fengsla uten rettstryggleik og utan rett til å ytre seg.

Organisasjonen Reportarar utan grenser rangerte i 2010 landet på 178. plass av 178 land når det gjaldt pressefridom. Og ifølgje BBC er Eritrea i dag det einaste landet i Afrika utan uavhengige privateigde media.

Eritrea vart sjølvstendig i 1993 og er ein autoritær eittpartistat med «People’s Front for Democracy and Justice» (PFDJ) som einaste lovlege politiske parti. Isaias Afwerki, som så langt er Eritreas einaste president, var frigjeringsleiar under borgarkrigen med Etiopia. I år 1998 til 2000 var Eritrea i krig med landet dei nokre år tidlegare hadde frigjort seg frå. Den uløyste grensekonflikten mellom Eritrea og Etiopia er framleis med på å hemme den demokratiske og økonomiske utviklinga i landet.

I 1997 vart det vedtatt ei grunnlov som skal garantere for demokrati og menneskerettar, men den har aldri tatt til å gjelde. Nasjonale val har fleire gonger vorte tillyst, men kvar gong avlyst «av omsyn til tryggleiken i landet». Politisk opposisjon er ikkje tillatt, og religionsfridomen er avgrensa. Det er ikkje pressefridom, alle typar media har sidan 2001 vorte kontrollert av myndigheitene og underlagt streng sensur. Ein reknar med at tusenvis av samvitsfangar sit vilkårleg fengsla, utan rettssak. Landet har i tillegg store sosiale utfordringar, som analfabetisme, og arbeidsløysa er stor.

Flyktningar i Noreg
Forholda i Eritrea har ført til store flyktningestraumar. Av dei 200 000 menneska som kom seg over Middelhavet til Europa i 2014, var mange eritrearar, som ikkje såg nokon framtidsutsikter i landet sitt. I 2013 og 2014 utgjorde eritrearar den største gruppa flyktningar som kom hit til landet, skreiv Aftenposten i 2015.

Den norske regjeringa har det siste året vurdert å sende tilbake tusenvis av eritrearane som har søkt om og fått innvilga asyl i Noreg. Bakgrunnen var opplysningar om at den nærmast evigvarande militærtenesta da var redusert til 18 månader. Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Jøran Kallmyr, sa til Aftenposten at dersom det stemte at flyktningane ikkje ville bli straffa med lengre samfunnsteneste, var det grunnlag for å endre den norske praksisen med å gje asyl.

Signala om at regjeringa vurderte å sende eritrearar tilbake, vekte skarpe reaksjonar, mellom anna frå Norsk organisasjon for asylsøkjarar, NOAS. Dei meinte det var grunn til å tvile på lovnadane frå regimet til president Afwerki.

Den norske regjeringa arbeider framleis med returavtale, i tillegg arbeider dei for å etablere omsorgssenter for mindreårige inne i Eritrea. Blant eritrearane som har kome til Noreg, er fleire forfattarar og andre skribentar. Tre av desse er nå fribyforfattarar her. I 2014 vart PEN Eritrea etablert av norske fribyforfattarar.

Uvisst om tilstanden til dei fengsla
Bakgrunnen for arrestasjonane i 2001 var at 15 dissidentmedlemmer i regjeringspartiet PFDJ publiserte eit ope brev der dei fordømte maktmisbruken til presidenten og kalla handlingane hans ulovlege og grunnlovsstridige. Etter dette vart alle dissidentar arresterte, og private aviser vart forbodne. Dette var aviser som hadde publisert intervju og artiklar relaterte til det opne brevet.

Dei eritreiske styresmaktene hevda at arrestasjonane var nødvendige for å ta vare på den nasjonale einskapen. I april 2003 sa president Isaias Afewerki til Radio France Internationale at journalistane som var oppførte som arresterte eller sakna, var betalte for å skapa splitting i landet. Han meinte at ein spion ikkje kunne kallast journalist. I eit anna intervju i 2004 påstod president Afewerki at det ikkje hadde funnest nokon uavhengige media i Eritrea, berre journalistar lønna av CIA. PEN International meiner arrestasjonane vart brukte for å kneble kritikken av den eritreiske regjeringa.

Fjorten år etter aksjonen er situasjonen framleis uklar for Asrat og dei andre fangane. Det er ukjent om det er reist tiltale mot dei, eller om det har vore noko rettssak. Det er grunn til å vera uroa for helsa deira, ettersom dei truleg har vorte utsette for tortur og anna mishandling, mellom anna manglande tilgang på medisinsk behandling. Ifølgje rapportar har minst fire av journalistane døydd i varetekt, mest sannsynleg er talet så høgt som ni. Asrat er truleg ein av dei som har overlevd, internert i fengselet Eiraeiro nord for Asmara.

The Scourge of War

Av Amanuel Asrat.

I samband med International Translation Day i 2015 omsette PEN-medlemmer frå heile verda det prislønna diktet The Scourge of War til sine språk, i alt 15. Diktet er omsett til engelsk ved Tedros Abraham:

Where two brothers pass each other
Where two brothers meet each other
Where two brothers conjoin
In the piazza of life and death
In the gulf of calamity and cultivation
In the valley of fear and peace
Something resounded.

The ugliness of the thing of war
When its spring comes
When its ravaging echoes knock at your door
It is then that the scourge of war brews doom
But…
You serve it willy-nilly
Unwillingly you keep it company
Still, for it to mute how hard you pray!