Nyttårskortaksjon - oppmuntring i mørketida

Søndag 11. desember ønskjer Norsk PENs komité for fengsla forfattarar velkommen til eit hyggeleg og viktig førjulstreff, der vi skriv nyttårshelsingar til forfattarar, journalistar, bloggarar og andre som sit i fengsel eller på andre måtar er truga eller forfølgde.

I år har vi spesiallaga kort med dikt og illustrasjonar laga av medlemmer, fribyforfattarar og fribyteiknarar. Vi serverer gløgg og pepparkaker. Stikk innom mellom kl. 13 og 16! Saman med skribentar, PEN-medlemmer og anna godtfolk kan du bidra til å gi hardt prøva kollegaer ei oppmuntring i mørketida.

Tid: Søndag 11. desember frå kl. 13.00 til 16.00
Stad: Nedjma, 3. etasje, Litteraturhuset i Oslo

Velkommen!
Helsing Brit Bildøen
Komiteen for fengsla forfattarar

julekortaksjonfinal