8. mars: Stille og sol, feminisme og fridom

Photo: Left: Easterine Kire by Mark Ledingham / Right: (Detail) Hilde Kristin Røsvik by Svalbardposten Line Nagell Ylvisåker.

Norsk PEN, Artica Svalbard, Longyearbyen folkebibliotek og Solfestveka markerer kvinnedagen og det at sola kjem tilbake, ved å invitere til samtale, diktlesing og musikk i Longyearbyen folkebibliotek torsdag 8. mars klokka 19.00.

Møt lyrikar og forfattar Easterine Kire og redaktør Hilde Kristin Røsvik frå Svalbardposten i ein samtale som blir leidd av Hege Newth, som er generalsekretær i Norsk PEN. Etterpå opptrer Jazzpoesi med lyrikar Easterine Kire og saksofonist Ola Rokkones.

Easterine Kire er ein prislønt lyrikar og forfattar frå Nagaland i India. Ho er invitert til å delta i gjestekunstnarprogrammet til Artica i mars. I tillegg til å skrive er ho ein del av Jazzpoesi, eit band som speler frijazz og les upubliserte dikt om Nord-Noreg.

Hilde Kristin Røsvik har lang erfaring som journalist og redaktør i fleire aviser og medium. Ho har vore redaktør og dagleg leiar for Svalbardposten sidan 2016.

Norsk PEN i Longyearbyen
Norsk PEN er den norske avdelinga av PEN International, den største forfattar- og ytringsfridomsorganisasjonen i verda, som blei grunnlagd i 1922. Arbeidet i Norsk PEN er spesielt retta mot ytringsfridom. Organisasjonen arbeider for å auke medvitet om den verdien som ligg i open debatt og ytringsfridom, både nasjonalt og internasjonalt. I mars finn du Norsk PEN hos Artica mellom 2. og 10. mars.

Arrangementet på Facebook