15. februar: Får han sjå verda igjen?

Dato: 15.02.2019
Tid: 17.00 – 17.45
Stad: Alver, Litteraturhuset Bergen
Pris: Gratis

ENDRING I ARRANGEMENTET:

Yasemin Çongar har dessverre måtte avlyse. VG-journalist Nilas Johnsen, som er aktuell med boka Erdogan: Tyrkias nye sultan, steppar inn for Congar for å samtale med Jørgen Lorentzen om Tyrkia, Ahmet Altan, og si nye bok. Samtalen blir på norsk.

Som alle opposisjonelle i Tyrkia gjekk Ahmet Altan alltid til sengs i redsel for at at det skulle ringe på døra ved daggry.

Ein morgon i 2016 gjorde det det. Sidan har den kjende forfattaren og journalisten vore i fengsel, urettmessig dømt på livstid for å deltatt i kuppforsøket i Tyrkia i 2016. No kjem hans siste bok, skriven i fengsel, Eg kjem aldri til å sjå verda igjen, på norsk. Altan, som sjølv er invitert til festivalen, blir representert av hans ven og omsettar til engelsk, Yasemin Çongar. Ho møter tyrkiakjennar og direktør i Heddastiftelsen Jørgen Lorentzen til samtale.

«They may have the power to imprison me, but no one has the power to keep me in prison. I am a writer.»

I samarbeid med LittfestBergen og Forleggerforeningen/Samlaget.

Samtalen vil vere på engelsk.

Gratis

15. februar: Film: Forteljingar om mot

Dato: 15.02.2019
Tid: 14.00 – 15.15
Stad: Auditoriet, Litteraturhuset, Bergen

Kva gjorde Mansur Rajih frå Jemen, Asieh Amini frå Iran, Philo Ikonya frå Kenya og Musa Mutaev til eit trugsmål for makta i heimlanda? I denne dokumentaren syner regissør Kari Klyve-Skaug fram det motet som trengst for å heve stemma i møte med urett.

Asieh Amini og Mansur Rajih er gjester på LittfestBergen, og vil etter filmen lese dikt som innleiing til PENs postkortaksjon.

Norsk PEN, avdeling Vestlandet i samarbeid med LittfestBergen.

Gratis.

Filmen er teksta på engelsk.

15. februar: Postkortaksjon til fengslede forfattere under LittfestBergen

Norsk PEN, avdeling Vestlandet, og LittfestBergen inviterer til postkort-aksjon. Skriv ei helsing til forfattarar, journalistar og bloggarar som sit fengsla eller er truga og forfulgt over heile verda. Kort-aksjonen har vore gjennomført i Oslo i fleire år, og no vil vi gjere det til ein tradisjon også i Bergen. Korta er laga av PEN-medlemmar og fribyforfattarar i Noreg.

Forfattarane Asieh Amini og Mansur Rajih, som sjølv måtte søke tilflukt i Noreg, vil lese dikt og skrive dei første helsingane.

Kort-aksjonen er open i Zinken Hopp på Litteraturhuset fredag 15. februar 15.30–19.00, laurdag 16. februar 12.00–14.00 og søndag  17. februar 12.00–14.00.

I samarbeid med Norsk PEN, avdeling Vestlandet.

Gratis.