15. februar: Film: Forteljingar om mot

Dato: 15.02.2019
Tid: 14.00 – 15.15
Stad: Auditoriet, Litteraturhuset, Bergen

Kva gjorde Mansur Rajih frå Jemen, Asieh Amini frå Iran, Philo Ikonya frå Kenya og Musa Mutaev til eit trugsmål for makta i heimlanda? I denne dokumentaren syner regissør Kari Klyve-Skaug fram det motet som trengst for å heve stemma i møte med urett.

Asieh Amini og Mansur Rajih er gjester på LittfestBergen, og vil etter filmen lese dikt som innleiing til PENs postkortaksjon.

Norsk PEN, avdeling Vestlandet i samarbeid med LittfestBergen.

Gratis.

Filmen er teksta på engelsk.