15. februar: Får han sjå verda igjen?

Dato: 15.02.2019
Tid: 17.00 – 17.45
Stad: Alver, Litteraturhuset Bergen
Pris: Gratis

ENDRING I ARRANGEMENTET:

Yasemin Çongar har dessverre måtte avlyse. VG-journalist Nilas Johnsen, som er aktuell med boka Erdogan: Tyrkias nye sultan, steppar inn for Congar for å samtale med Jørgen Lorentzen om Tyrkia, Ahmet Altan, og si nye bok. Samtalen blir på norsk.

Som alle opposisjonelle i Tyrkia gjekk Ahmet Altan alltid til sengs i redsel for at at det skulle ringe på døra ved daggry.

Ein morgon i 2016 gjorde det det. Sidan har den kjende forfattaren og journalisten vore i fengsel, urettmessig dømt på livstid for å deltatt i kuppforsøket i Tyrkia i 2016. No kjem hans siste bok, skriven i fengsel, Eg kjem aldri til å sjå verda igjen, på norsk. Altan, som sjølv er invitert til festivalen, blir representert av hans ven og omsettar til engelsk, Yasemin Çongar. Ho møter tyrkiakjennar og direktør i Heddastiftelsen Jørgen Lorentzen til samtale.

«They may have the power to imprison me, but no one has the power to keep me in prison. I am a writer.»

I samarbeid med LittfestBergen og Forleggerforeningen/Samlaget.

Samtalen vil vere på engelsk.

Gratis