15. februar: Poet i lukka land

Dato: 15.02.2019
Tid: 16.00 – 16.45
Stad: Alver, Litteraturhuset Bergen
Pris: 100/70,- (stud.)

Korleis er livet som kvinne og poet i Iran og Saudi-Arabia?

Til tross for at dei to landa i Midtausten har mykje til felles både kulturelt og religiøst, er dei bitre fiendar. Men kunsten gjer det mogleg å møtast på same scene: Asieh Amini er frå Iran, men busett i Noreg. Saman med saudiarabiske Hissa Hilal kjem ho til festivalen for å snakke om skrivearbeidet, poesiens plass i Midtausten og korleis livet som kvinne og kunstnar artar seg.

Samtalen vil vere på engelsk.

Norsk PEN Vestlandet i samarbeid med LittfestBergen.