2. desember: Nyttårskortaksjon – oppmuntring i mørketida
Lørdag 2. desember ønskjer Norsk PENs komité for fengsla forfattarar velkommen til eit hyggeleg og viktig førjulstreff, der vi skriv nyttårshelsingar til forfattarar, journalistar, bloggarar og andre som sit i fengsel eller på andre måtar er truga eller forfølgde.
Vi har spesiallaga kort med dikt og illustrasjonar laga av medlemmer, fribyforfattarar og fribyteiknarar. Vi serverer gløgg og pepparkaker. Stikk innom mellom kl. 14 og 17! Saman med skribentar, PEN-medlemmer og anna godtfolk kan du bidra til å gi hardt prøva kollegaer ei oppmuntring i mørketida.
Tid: Lørdag 2. desember frå kl. 14.00 til 17.00
Stad: 3. etasje, Litteraturhuset i Oslo.
Velkommen!
Helsing Brit Bildøen
Komiteen for fengsla forfattarar
Kortaksjonen arrangeres parallelt med Norsk Forfattersentrums årskavalkade, litteraturåret 2017 skal oppsummeres. Det blir opplesninger, samtaler og debatt i 2. etasje på Litteraturhuset fra kl. 14.00.
Innimellom litteraturøktene kan du ta turen opp til 3. etasje, spise pepperkaker, drikke gløgg (med og uten) – og viktigst av alt: skrive et kort til en fengslet kollega.