Journalistar og språkleg rettferd
Journalistar og språkleg rettferd
Diktaren Jon Fosse har utfordra Norsk PEN til å støtte journalistar som vil bruke si eiga målform i aviser og andre media. PEN International har lang tradisjon for å forsvare språklege rettar, ikkje minst for minoritetsspråk. Norsk PEN meiner Fosse har rett: journalister i Noreg bør få høve til å velje fritt mellom bokmål og nynorsk der dei jobbar. At Harald Stanghelle i Aftenposten nyleg skreiv ein kommentar på nynorsk, tyder på ei oppmjuking av ein forelda praksis, medan omsetjinga av intervjuet med Fosse i same avis tyder på det motsette. Vi vonar at norske media vil gjere sitt for at journalistar skal ha større språkleg fridom i åra som kjem.
Norsk PEN
William Nygaard, leiar Elisabeth Eide, nestleiar