8. mars: Stille og sol, feminisme og fridom
Norsk PEN, Artica Svalbard, Longyearbyen folkebibliotek og Solfestveka markerer kvinnedagen og det at sola kjem tilbake, ved å invitere til samtale, diktlesing og musikk i Longyearbyen folkebibliotek torsdag 8. mars klokka 19.00.
Møt lyrikar og forfattar Easterine Kire og redaktør Hilde Kristin Røsvik frå Svalbardposten i ein samtale som blir leidd av Hege Newth, som er generalsekretær i Norsk PEN. Etterpå opptrer Jazzpoesi med lyrikar Easterine Kire og saksofonist Ola Rokkones.
Easterine Kire er ein prislønt lyrikar og forfattar frå Nagaland i India. Ho er invitert til å delta i gjestekunstnarprogrammet til Artica i mars. I tillegg til å skrive er ho ein del av Jazzpoesi, eit band som speler frijazz og les upubliserte dikt om Nord-Noreg.
Hilde Kristin Røsvik har lang erfaring som journalist og redaktør i fleire aviser og medium. Ho har vore redaktør og dagleg leiar for Svalbardposten sidan 2016.
Norsk PEN i Longyearbyen
Norsk PEN er den norske avdelinga av PEN International, den største forfattar- og ytringsfridomsorganisasjon
Arrangementet på Facebook